
Det norske landbruket er ein historie om å sjå samanhengen mellom ressursar, matproduksjon og busetting. Alt tidleg på 1800-talet hadde dei fleste fleire syslar som grunnlag for levevegen sin. Jordbruk, skogbruk, fiske, handverk og reiseliv.
Mangesysleri blei det ofte kalla.
Bakgrunn
Landbruk er ei viktig næring i mange distrikt, som Ryfylke. Fagskulen Rogaland har saman med næringa i Ryfylke utvikla studiet Entreprenørskap og grønt mangesysleri. Det første kullet blir ferdig våren 2026 og fagskulen lyser nå ut ny oppstart hausten 2026.
Innhaldet i studiet er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa. Det er stadig fleire som ser på ressursgrunnlaget på garden og me ser auke i produksjon av opplevingar, foredling av landbruksvarer som kjøt, sider, vin og ost. Dette er næringar som ligg tett opp til reiselivet.
Derfor er det behov for meir kompetanse i næringa og rettleiingsapparatet (forvaltning) om innovative produksjonsmåtar. Formålet med utdanninga er å gje deg innsikt i potensialet, ressursar som eksisterer innanfor eigen gard og kva som er råd å få til. Både regionale og lokale behov vil bli lagt vekt på og etter fullført studium skal du kunne meir om koss du kan få meir utbytte av råvarene og ressursane du alt har.
Søknadsfrist og innhald
Søknadsfristen er 15.04.2026 og etter det løpande fram til studiestart er det ledige plassar. Du kan velgje å ta heile studiet eller enkeltemne. Emne 1 startar opp hausten 2026.
Det er totalt fire emne á 15 studiepoeng. Samlingane hausten 2026 blir lagt ut i august og oppstart i september/oktober:
1. Bedriftsøkonomi og leiing - haust 2026
2. Marknadsføring og kommunikasjon - vår 2027
3. Lokal foredling haust 2027
4. Bedriftsutvikling og entreprenørskap – vår 2028
Datoane kan bli justert i samarbeid med studentane etter studiestart. Tid for eksamen kjem i tillegg.
Påmelding her
Organisering
Studiet er modulbasert, primært med samlingar primært i Ryfylke, i tillegg til nettundervising. Det er lagt opp til to - tre samlingar per modul, til saman 12 samlingar over to år.
Enkeltemne
Søkjar kan velja enkeltemne og vil ved gjennomført og bestått emne få karakterutskrift for dette. Studenten kan ved seinare høve søkja om å ta resterande emne og få vitnemål for heile utdanninga.
Fire emne á 15 studiepoeng. Innhald i emna er slik;
1. Bedriftsøkonomi og leiing
- Økonomisk styring, rekneskap og finansiering
- Sirkulærøkonomi
- Leiing
- organisasjonsformer
- å vere sin eigen sjef
- å motivera og leie andre
- HMS
2. Marknadsføring og kommunikasjon
- Sal
- Endringstempo, digital nettverksøkonomi, konsekvensar av robotisering og digitalisering for verdiskaping og sysselsetting
- I. Trekk og trendar ved digitalisering, teknologi og teknologiutvikling
- II. Omstillings-og krav
- III. Truslar og det moglege
- ReiselivskunnskaP
- Merkevarebygging - marknadsplan
- Opplevingsdesign
- Digitale plattformaR
- teknologi og arbeidsprosessar
- Vertskapsrolla
i. Storytelling
ii. Besøksgard
iii. Sosial meistring og livskvalitet
iv. Arbeidstrening/psykisk helse
3. Lokal foredling
- Å sjå verdikjeda for produkta – utvikling av reiselivsprodukt
- Foredling av produkt
i. Mjølk
ii. Bær
iii. Opplevingar - Ressursutnytting og berekraft på eigen gard og landbruket
i. Koss utnyttar me «c-produkt»
ii. Sirkulærøkonomi - Læringsarena for ulike foredlings- og bygningstradisjonar
- Energi
- Studietur
4. Bedriftsutvikling og entreprenørskap
- Bedriftsutvikling og innovasjon
- Natur, økologi og kulturbasert entreprenørskap
- Tverrfagleg samarbeid – samarbeid med andre og effektar
• Lovverk i skjeringspunkt landbruk/reiseliv
• Reguleringsplanlegging
• Areal og miljøplanlegging
• Søknadsarbeid konsesjon, tilskot m.v. - Beredskap, klima og miljø, artsmangfald og samfunnsnytte
- Forretningsplan
Alle tema skal ha med seg element av berekraft, HMS og grøn omstilling.
For meir informasjon, sjå studieplanen for studiet her.
Opptak på bakgrunn av fagbrev
Normalt treng du relevant fagbrev for å få plass på studiet, men det er òg mogleg å få plass på bakgrunn av realkompetanse (sjå under).
Dersom fagprøven ikkje er gjennomført ved søknadstidspunktet, kan det gjerast opptak på vilkår om bestått fagprøve innan 31.12 i opptaksåret (jf. kap. 2 i fagskoleforskrifta).
Opptak på bakgrunn av realkompetanse
Du kan og bli tatt opp på bakgrunn av lang erfaring frå fagfeltet (altså basert på realkompetanse). Realkompetanse er all kompetanse du har gjennom formell, ikkje-formell og uformell læring. Dette kan vera kunnskap og erfaring du har fått gjennom utdanning, løna eller ulønt arbeid, organisasjonserfaring, fritidsaktivitetar, eller på annan måte (jf. § 1-4 i forskrift for Fagskolen Rogaland).
Studieavgift
Det er studieavgift på dette studiet.
Meir informasjon
For meir informasjon, sjå Kontoret
E-post: fagskolen@skole.rogfk.no
Telefon: 51 92 53 00
eller
Fagleg ansvarleg
Einar Schibevaag
E-post: einar.schibevaag@skole.rogfk.no
Telefon: 91308972
Ryfylke utdanningssenter har bidratt i arbeidet med å utvikla denne høgare fagskuleutdanninga, samt grøn logistikk og RAS. Utgangspunktet for dette initiativet ligg i rapporten Kompetansebehov i arbeidslivet - rapport frå Kompetansepilot Ryfylke, som Ryfylke IKS har utarbeidd. I partnarskap (Ryfylkemodellen) med arbeidslivet har ein fått fram emne tilpassa dei behov som arbeidslivet lokalt etterspør.