
Bakgrunn
Dei opprinelege settefiskanlegga har gått frå å væra anlegg med minimalt behov for teknologi, til komplekse prosessanlegg med behov for avanserte overvakingssystem og kontinuerleg tilsyn. RAS–anlegg er eit anlegg som har installert vassbehandlingskomponentar som filtre for fjerning av partiklar som til dels fòrspel og avfallsstoff, og såkalla biofiltre eller biologiske filtre der ein ved hjelp av bakteriar omdannar skadelege stoff for fisken til stoff som fisken tåler betre. Denne teknologien gjer at næringa kan bruke store delar av vatnet i anlegget. (Historisk utvikling →
Kompetansebehova
Akvakulturnæringa er i stadig utvikling og treng kompetanse innan landbasert oppdrett. Oppdretta framover vil i større grad liggja på land. I dag ser me at dei fleste av desse som settefiskanlegg, men det kjem og fleire reine påvekstanlegg med mål om å få ein større meir robust smolt ut på sjø.
Det er eit aukande fokus på fiskehelse og fiskevelferd. Fiskehelserapporten frå 2024 viser utfordringane næringa står i, og i denne samanheng kan det sjå ut som at utviklinga med landbasert teknologi som RAS, kan vera ein viktig faktor for å betre kontroll av produksjon og ikkje minst fiskevelferda.
RAS-utdanning vil i denne samanheng vera viktig i møte med framtidas utfordringar i akvakulturnæringa, og er eit behov akvakulturnæringa har fremma.
Målet for utdanninga er å
- auka kunnskapen om RAS-teknologi og forståing for samspelet mellom fisken og vatnet (miljøet) den lever i.
- bidra til å auka fokus på fiskehelse og velferd, og korleis digitale verktøy kan påverka og brukast for å skapa ei god etisk og berekrafteg akvakulturnæring i framtida.
- bidra til kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling med sikte på styrkja studentane sin kompetanse på området og å fremma samarbeid i næringa og mellom ulike interesser.
- forstå korleis økonomi og reglar verkar inn på biologien og dei utfordringar som ligg i skillet mellom teori og praksis.

Søknadsfrist og innhald
Søknadsfristen er 15.04.2026 og etter det løpande fram til studiestart er det ledige plassar. Du kan velgje å ta heile studiet eller enkeltemne. Emne 1 startar opp hausten 2026, med tre samlingar á tre dagar med oppstart september 2026.
Fire emne á 15 studiepoeng:
Kjemi, biologi og fysiologi – haust 2026
Robotisering og digitalisering – vår 2027
Oppdrettsteknologi – haust 2027
Sirkulærøkonomi, jus og HMS – vår 2028
Påmelding her
Organisering
Studiet er modulbasert, primært med samlingar i Ryfylke. I tillegg blir det noko nettundervisning. Det er lagt opp til tre - fire samlingar per modul.
Søkjar kan velja enkeltemne og vil ved gjennomført og bestått emne få karakterutskrift for dette. Studenten kan ved seinare høve søkja om å ta resterande emne og få vitnemål for heile utdanninga.
Fire emne á 15 studiepoeng. Innhald i emna er slik;
Emne 1: Biologi, kjemi og fysiologi
- Genetikk
- Vasskjemi, vasskvalitetsutfordringar
- CO2 luftning, gasslikevekter og buffring
- Oksygenering
- Vasstemperatur og vekst
- Vasskvalitet i RAS, behandling av inntaksvatn
- Foret si innverknad på vasskvaliteten
- Desinfeksjon av produksjonsvann, mikrobiell kontroll
- Risikohandtering – driftsutfordringar frå land til sjø kvalitet
Emne 2: Robotisering og digitalisering
- Introduksjon til IT - kva er det moglege?
- Overvåking og kontroll i anlegg og mellom anlegg
- Prosesstyring, automasjon, digitalisering
- KI og digital tvilling
- Robotisering
- IT-sikkerhet
- Kunstig intelligens i produksjon av sjømat
Emne 3: Oppdrettsteknologi
Oppdrettsteknologi I
- RAS-anlegget, oppbygging og funksjon
- Vatn og røyrdynamikk og kontroll av vatn
- Filtrering av produksjonsvatn
- Oppdrettsenheten, anleggsutforming/dimensjonering for ulike produksjonsformer
Oppdrettsteknologi II
- Forsking og analyse som del av produksjonskontroll og utvikling
- Statistikk og analyse
- Fiskehelse og fiskevelferd
Emne 4: Sirkulærøkonomi, jus og HMS
- Globale utfordringar
- Trendar, utvikling, design og dimensjonering
- Regelverk og jus
- Grønt skifte og berekraft - produksjonsstrategiar
- Foring, slam og avfall og bruk av slike stoffer
Alle tema skal ha med seg element av berekraft, HMS og grøn omstilling.
Opptak på bakgrunn av fagbrev
Normalt treng du fagbrev som fagoperatør i akvakultur, havbruksteknikk, akvakulturfaget med marine fag, akvateknikk, teknologi og industrifag, fiske og havbruk, automatiseringsfag, vann- og avløpsteknikk, prosess, bygg og anlegg, IKT-driftsteknikarfaget og maritime fag, eller praksis frå næringa i minst fem år for å få plass på studiet. Andre fagbrev blir og vurdert som realkompetanse, sjå meir om dette nedanfor.
Dersom fagprøven ikkje er gjennomført ved søknadstidspunktet, kan det gjerast opptak på vilkår om bestått fagprøve innan 31.12 i opptaksåret (jf. kap. 2 i fagskoleforskrifta).
Opptak på bakgrunn av realkompetanse
Du kan òg bli tatt opp på bakgrunn av lang erfaring frå fagfeltet (altså basert på realkompetanse). Realkompetanse er all kompetanse personen har gjennom formell, ikkje-formell og uformell læring. Dette kan vera kunnskap og erfaring du har fått gjennom utdanning, løna eller ulønt arbeid, organisasjonserfaring, fritidsaktivitetar, eller på annan måte (jf. § 1-4 i forskrift for Fagskolen Rogaland).
Studieavgift
Det er studieavgift på dette studiet.
Meir informasjon
For meir informasjon, sjå studieplanen:
Studieplan RAS (PDF, 629 kB)
E-post: fagskolen@skole.rogfk.no
Telefon: 51 92 53 00
eller
Elisabeth Winterhus Julsrud
elisabeth.winterhus.julsrud@skole.rogfk.no
Telefon: 48278786
Ryfylke utdanningssenter har bidratt i arbeidet med å utvikla denne høgare fagskuleutdanninga, samt grøn logistikk og RAS. Utgangspunktet for dette initiativet ligg i rapporten Kompetansebehov i arbeidslivet - rapport frå Kompetansepilot Ryfylke, som Ryfylke IKS har utarbeidd. I partnarskap (Ryfylkemodellen) med arbeidslivet har ein fått fram emne tilpassa dei behov som arbeidslivet lokalt etterspør.