
Bakgrunn
Det norske landbruket er ein historie om å sjå samanhengen mellom ressursar, matproduksjon og busetting. Alt tidleg på 1800-talet hadde dei fleste fleire syslar som grunnlag for levevegen sin. Jordbruk, skogbruk, fiske, handverk og reiseliv.
Mangesysleri blei det ofte kalla.
Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og den siste tida har det vert ein auke i produksjon av sider, vin og ost i regionen. Dette er næringar som ligg tett opp til reiselivet. Derfor er det behov for meir kompetanse i forvaltning og produksjon. Formålet med utdanninga er å gje deg innsikt i potensielle mulegheiter og ressursar som eksisterer innanfor egen gard. Både regionale og lokale behov vil bli lagt vekt på og etter fullført studium skal du kunne meir om koss du kan få meir utbytte av råvarene og ressursane du alt har.
Innhaldet i studiet er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa og er finansier gjennom løyvingar frå HK-dir og Ryfylkefondet.
Søknadsfrist og innhald
Søknadsfristen er løpande og du kan velgje å ta heile studiet eller enkeltemne. Emne 3 startar opp hausten 2025.
Det er fire emne á 15 studiepoeng. Samlingar hausten 2025 er lista opp under emnet hausten 2025:
1. Bedriftsøkonomi og leiing 03.10.2025
o 03.10. – 05.10.
o 23.10. – 25.10.
o 27.11. - 29.11.
2. Marknadsføring og kommunikasjon - vår 2026
3. Lokal foredling – 28.09.2025
o 28.09. – 02.10.
o 16.10. – 19.10.
o 06.11. - 09.11.
4. Bedriftsutvikling og entreprenørskap – vår 2026
Datoane kan bli justert i samarbeid med studentane etter studiestart. Eksamen kjem i tillegg.
Påmelding her
Organisering
Studiet er modulbasert, primært med samlingar i Ryfylke, i tillegg til noko nettundervising. Det er lagt opp til to - tre samlingar per modul, til saman 12 samlingar på to år.
Enkeltemne
Søkjar kan velja enkeltemne og vil ved gjennomført og bestått emne få karakterutskrift for dette. Studenten kan ved seinare høve søkja om å ta resterande emne og få vitnemål for heile utdanninga.
Opptak på bakgrunn av fagbrev
Normalt treng du relevant fagbrev for å få plass på studiet, men det er òg mogleg å få plass på bakgrunn av realkompetanse (sjå under).
Dersom fagprøven ikkje er gjennomført ved søknadstidspunktet, kan det gjerast opptak på vilkår om bestått fagprøve innan 31.12 i opptaksåret (jf. kap. 2 i fagskoleforskrifta).
Opptak på bakgrunn av realkompetanse
Du kan og bli tatt opp på bakgrunn av lang erfaring frå fagfeltet (altså basert på realkompetanse). Realkompetanse er all kompetanse du har gjennom formell, ikkje-formell og uformell læring. Dette kan vera kunnskap og erfaring du har fått gjennom utdanning, løna eller ulønt arbeid, organisasjonserfaring, fritidsaktivitetar, eller på annan måte (jf. § 1-4 i forskrift for Fagskolen Rogaland).
Innhald i kvart enkelte emne
1. Bedriftsøkonomi og leiing
- Økonomisk styring, rekneskap og finansiering
- Sirkulærøkonomi
- Leiing
- organisasjonsformer
- å vere sin eigen sjef
- å motivera og leie andre
- HMS
2. Marknadsføring og kommunikasjon
- Sal
- Endringstempo, digital nettverksøkonomi, konsekvensar av robotisering og digitalisering for verdiskaping og sysselsetting
- I. Trekk og trendar ved digitalisering, teknologi og teknologiutvikling
- II. Omstillings-og krav
- III. Truslar og det moglege
- ReiselivskunnskaP
- Merkevarebygging - marknadsplan
- Opplevingsdesign
- Digitale plattformaR
- teknologi og arbeidsprosessar
- Vertskapsrolla
i. Storytelling
ii. Besøksgard
iii. Sosial meistring og livskvalitet
iv. Arbeidstrening/psykisk helse
3. Lokal foredling
- Å sjå verdikjeda for produkta – utvikling av reiselivsprodukt
- Foredling av produkt
i. Mjølk
ii. Bær
iii. Opplevingar - Ressursutnytting og berekraft på eigen gard og landbruket
i. Koss utnyttar me «c-produkt»
ii. Sirkulærøkonomi - Læringsarena for ulike foredlings- og bygningstradisjonar
- Energi
- Studietur
4. Bedriftsutvikling og entreprenørskap
- Bedriftsutvikling og innovasjon
- Natur, økologi og kulturbasert entreprenørskap
- Tverrfagleg samarbeid – samarbeid med andre og effektar
• Lovverk i skjeringspunkt landbruk/reiseliv
• Reguleringsplanlegging
• Areal og miljøplanlegging
• Søknadsarbeid konsesjon, tilskot m.v. - Beredskap, klima og miljø, artsmangfald og samfunnsnytte
- Forretningsplan
Alle tema skal ha med seg element av berekraft, HMS og grøn omstilling.
For meir informasjon, sjå studieplanen for studiet her.
Kontakt
Einar Schibevaag
Faglig ansvarlig
E-post: einar.schibevaag@skole.rogfk.no
Ryfylke IKS har bidratt i arbeidet med å utvikla denne høgare fagskuleutdanninga, samt grøn logistikk og RAS. Utgangspunktet for dette initiativet ligg i rapporten Kompetansebehov i arbeidslivet - rapport frå Kompetansepilot Ryfylke, som Ryfylke IKS har utarbeidd. I partnarskap med arbeidslivet har ein fått fram emne tilpassa dei behov som arbeidslivet lokalt etterspør.