Det er stadig fleire aktørar innan akvanæringa som planlegg eller har alt bygd oppdrettsanlegg på land for mellom anna laks, aure og kveite. Det er i dag mykje uformell kompetanse i næringa, og behovet for å formalisera kompetansen er uttrykt frå næringa sjølv. RAS-studiet har som mål å gi studentar grunnleggjande innsikt og anvendt kunnskap i biologiske, miljømessige og teknologiske prosesser som er sentrale i landbaserte oppdrettsanlegg.
Utdanninga skal gje forståing av samspelet mellom fisken sin fysiologi, vasskvaliteten, drift av biofilter, og av den tekniske oppbygginga og funksjonen til ulike komponentar i eit RAS-anlegg. Arbeidet med utviklinga av utdanninga er gjort i partnarskap med representer i og runt næringa.
Modulane ( á 15 studiepoeng) fordeler seg slik:
- Biologi, kjemi og fysiologi
- Robotisering og digitalisering
- Oppdrettsteknologi
- Sirkulærøkonomi, jus og HMS
Utdanninga er samlingsbasert med nettstøtte og ligg på NKR-nivå 5.1.
Søknadsfrist: Hausten 2024 med løpande opptak etter dette ved ledige plasser.
Meir informasjon kjem.
Kontaktperson:
Einar Schibevaag
Epost: einar.schibevaag@skole.rogfk.no